Tre nye artistar er klare for Tysnesfest

Publisert av: Martha Nygård Lande
6/4/2022 20:01

Return & Stage Dolls kjem til Tysnesfest 2022!

Laurdag 9. Juli kjem Stage Dolls og Return til Tysnesfest med ein hitparade frå start til slutt.

Dette blir ein konsertkveld fylt av gode minner, ville gitar-riff, fantastiske ballader og allsong av ein anna verden.

“Me blir like overraska kvart år over mottagelsen, det vil liksom ingen ende ta” Seier Torstein Flakne I Stage Dolls.

Noko av hemmeligheita bak suksessamarbeidet er sjølvsagt alle dei kjende sangane som desse gutta har laga. Me nevner i fleng «Hard to say goodbye», Sing me a Song», Bye Bye Johnny», «Love don`t Bother me», «Can You Forgive Me», «Still in Love», og lista er endelaus.

Låtane til både Return og Stage Dolls har overlevd fleire generasjonar og foreldre speler platene for ungane sine som igjen speler dei for sine ungar.

Stordingen SKAAR Tysnesfest!

SKAAR (Hilde Skaar) er oppvaksen på naboøya til Tysnes, Stord. Frå hennar tidlege kjærleik for Coldplay og Foo Fighters til å oppdaga styrken og sårbaheita til artisten Banks var ho frå ein tidleg alder dreve av sin lidenskap for musikk. Og med sin teft for melodiar, relaterbare tekstar, sterke vokal og fengslande scenetilvære har SKAAR utvikla seg til å bli ein artist som krysser av alle boksane for å kunna bli den neste store indiepop-artisten med utspring frå Noreg.

Me i Tysnesfest såg SKAAR for fyrste gong live under bransjefestivalen “100 DAGAR” i 2019 og blei med ein gang fengsla av det som allereie då verka som ein ferdig utvikla artist. Samanlikninga med andre norske popdronninger som Sigrid, Aurora og Astrid S var heilt openbar.

«Dette blir jeg helt klart smigret av siden jeg elsker dem alle, men jeg respekterer dem også såpass mye at jeg ikke vil sammenligne meg med dem bare fordi de er kvinner. De fortjener respekten til å kunne presentere sin egen musikk, stå alene og være individer. Jeg føler at det er en systematisk ting der kvinner blir sammenlignet med andre kvinner, og det ser du ikke så mye til når det gjelder menn i bransjen» seier ho sjølv.

23 åringen kan visa til nominasjoner til prisar som “Årets nykommer” (p3Gull) “Årets stjerneskudd” (by:Larm), og “Årets Artist”(NRJ Awards) og trass sin ferske karriære har ho fått ei rekke ærefulle oppdrag for kinofilmar som Battle og Askeladden. I tillegg har ho skreve og sunge originalmusikk til Netflix-serien Hjem til Jul”.

SKAAR er no godt i gang med å gjere seg bemerka også utanfor landets grenser og britiske Clash Magazine anerkjenner ho med «popstjernekvaliteten hennes som gjennomgående i hvert stykke arbeid hun noensinne har gitt ut».
SKAAR skal sin konsert er fredag 8. juli 2022!

 

Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest:

 

Gjerstad Arena:

Torsdag: PlumboHagleHalva PrisetSoppgirobyggetHelene OlafsenStaysman

Fredag: Bjørn EidsvågChris HolstenSKAARCC CowboysOnklP og De Fjerne Slektningene

Laurdag: Erlend RopstadRonan KeatingSynne VoReturn & Stage DollsKjartan LauritzenTIX

 

Andre arenaar:

Bermudateltet torsdag og fredag: Vinskvetten