Julekonsertar
16/12/2008 10:58
I morgon kveld (onsdag 17. desember kl. 19.00) vil det verta høve og høyra Geir Botnen frå Norheimsund på klaver i Tysnes kyrkja. Dette er ein eminent og fantastisk god musikar, og me vil få høyra han akkompagnerer både Frode Rasmussen og tysnesingen Åsne Sunniva Søreide.
Frode Rasmussen framfører ’Piken med Svovelstikkene’ m.m.
Bergensaren er ein legende innan teatermiljøet, – no sist med publikumssuksess og fulle hus på Den Nasjonale Scene med einmanns showet sitt. som vert å sjå på Altona Teater frå januar av. Rasmussen har reist mykje med Geir Botnen med m.a. Peer Gynt førestillinga dei laga saman.
Åsne Sunniva og Geir Botnen har samarbeida tidlegare både på Kinck dagane og ved Det Norske Teatret Oslo. Åsne arbeider mykje for Rikskonsertane og har oppdrag i inn, – og utland med songen sin. I sommar gledde Åsne oss ved å opptre på Solstråledagen i august.
Nå gler dei seg til å komma til Tysnes kyrkja med førestillinga ’Jul’, – ei førestilling som passer alle aldersgrupper. Me vil få høyra julesongar og klaverstykker fra Hardanger (Geirr Tveitt) og Frode Rasmussen vil framføra ’sult’ av Dario Fo . Han får frem både smilet og ettertanken med framføringane sine.
Trioen har hausta ståande applaus for førestillinga ’Jul’ under sin Vestlandsturnen sin.
Ta turen til Tysnes kyrkja i morgon folkens – flott musikk i vente!