Publisert av:
24/6/2017 13:56
Jonsok i Uggdal
Sjølv om ikkje vèrgudane var heilt på vårt lag i går, og det var litt skepsis om det virkelig kom til å bli bålfeiring, så gjorde fyrbøterane ein framifrå jobb og fekk bra fart i sankthansbålet.
Dei oppmøtte fekk muligheten til å grilla, samt å stå tørt i teltet for å få med seg den fine bålfeiringa. Dei yngre på plassen nytta høvet til å spela både fotball og fotballbowling før bålet vart tent.
Uggdal Bygdalag vil takka alle dei oppmøtte for ei flott feiring!
Foto: J. Mehammer