Jon Hjørnevik vert anbefala tao……
9/10/2013 16:35
Jon Hjørnevik inntar scenen med humoristisk lyrikk, krydra med Dagfinn Iversen sitt eminente akkomagnement på gitar.
Dikta er spekka med underfundig humor og bilete frå Hjørnevik si verd, mange av dei frå bygda med same navn. Han gjev eit skeivt blikk på kvardagslege saker, nokon på rette sida av kanten og andre kanske litt over.
Underteikna har stor glede av Hjørnevik sine dikt og har med ujamne mellomrom lest frå bøkene hans på ulike arrangement.
Dersom du, i staden for å oppleve ein billeg kopi som meg, vil oppleve orginalen, vert oppfordringa: Slepp tak i lenestolen og få med deg dette på Mandelhuset fredag. Gullrekka til NRK kan du sjå på nett-TV søndag, for då er det ingenting anna som skjer alikevel….
For å seie det som Vossafår-reklamen: “Jon Hjørnevik, vette anbefala tao ein so ha diktbøkene i hyldlo si”
Her kan du sjå ein smakebit på kva du kan gle deg til
Bilettar i salg på Tysnes Blomster og Interiør.
Pris: 250,-
Showstart kl 21:00.
Vert anbefala av:
Øystein Dalland