Bingo gjengen på tur!

Publisert av: Martha Nygård Lande
13/6/2019 12:00

Tradisjon tru var det sommaravslutning på Bingo gjengen i år også.

Sidan starten på Hovland bu-og omsorgsenter i 2005 i regi av Tysnes frivilligsentral og besøksvenner har dei frivillige halde på med bingo for dei eldre i Onarheim sokn i nærare 15 år.
Då Hovland blei nedlagt flytta dei ut i lokala til Tveit bedehus, der dei framleis møtest ein gong i månaden til bingo og sosialt samvær. Dei har også med seg kaffi og kaker som dei deler på å laga på rundgang.
Pengane som blir til overs har dei brukt til å enten reisa på tur rundt om i distriktet, eller holdt seg på øya slik dei har gjort i år, og teke turen til Laukhamar Fritid.
Medlemmane hadde anledning til å innvitera med seg ein ledsagar, og 15 stk benka seg rundt eit fint sommarpynta bord. Det blei servert nydelig lammesteik med tilbehør og karamellpudding og kaffi til dessert.
Det var tydeleg at dei kosa seg både med maten, drøsen og historiane som kom som «perler på ei snor» mellom matserveringa.
Det er dei frå pensjonist alder i Onarheim sokn som er inviterte til å vera med på bingo og sosialt samvær, seier Gunvor Solheim.
Det varierer kor mange som møter kvar gong , stort sett er me mellom 10 – 15 stk fortel Gudny Meland, som har vore med som besøksvenn og frivillig heile tida.
Me er ei god blanding i alder og den eldste er 92 år. Me har god plass til fleire og synest det hadde vore berre kjekt om fleire tok turen på bingo og sosialt samvær.
No er det sommarferie, men me startar opp att igjen torsdag 01. August. Me ynskjer både eldre og nye medlemmar hjertelig velkommen, avsluttar Meland.
Ref og bilder
Anne Langeland