Johnny B….

Publisert av:
8/7/2010 21:38

Årets Tysnesfest fekk ein kanon første dag. Folk i strie strømmar fann vegen inn til skuleplassen på Gjerstad i finvéret.

Og på scena fekk artistane opp stemningen. Pompel og Pilt opna først, før Jahn Teigen om lag halv åtte drog i gong kjende låtar. Både frå solokarrieren hans, og også litt låtar frå Prima Vera tida.

Til slutt kom hovudattraksjonen all the way from America – The Hooters. Det amerikanske bandet som hadde si storheitstid på 80- og 90-talet skuffa ikkje og leverte godlåtar an’ mass. Folk song, klappa og dansa med til kjende tonar.

Blant publikum var det alt frå store til små, tysnesingar, utflytta tysnesingar og mange frå nabokommune våre – alle med eit stort glis rundt munnen og godt humør. Ikkje løye på ein slik vellukka Tysnesfest-kveld!