Publisert av:
19/10/2011 05:14
Jåttmontasje på “Selbjørnsfjord”
Måndag var tre av medlemene i Venelaget for jåggseglarane frå Tysnes på ferja. I salongen sette dei opp ein montasje som viser ein del av det arbeidet Venelaget har jobba med. På denne måten vil ein få vist dei tradisjonane tysnesingane har med jåttseglinga og ein del av historien frå “over there”.
– Montasjen, som er i tre delar, handlar om tysnesingane som var jåttseglarar i USA i perioden 1900-1940. Arbeidet med montasjen er gjort av Venelaget, fortel Hans Ole Dalland til Tysnesingen.
Dalland seier vidare at montasjen er kome på plass etter sponsoravtaler med ferjeselskapet FosenNamsos Sjø, Meidell AS, Tysnes Sparebank og Tysnes Kraftlag.
Så no kan du få med deg litt Tysnes-historie når du tek ferja over Bjørnafjorden neste gong!