Ivo vann Tysnesmeisterskapen i bowling
23/4/2026 20:16
Ivo Haranovics var heilt suveren og vann med 791 pinnefall på fire seriar. Han hadde eit snitt på i underkant av 198, og den høgaste serien var på heile 236 pinnefall.
23 spelarar stilte til start på åtte banar med tre spelarar på banen. Det er den høgaste deltakinga me har hatt i meisterskapen.
Tre damer stilte til start. Dersom fleire damer stiller til start, må me frå neste år ha eigen dameklasse.
Grunnen til at me reiste til Stord denne gongen, var delvis at me ville prøva noko nytt, og delvis at me har slite litt med ein bane i Tysneshallen. På Stord kunne alle spela samstundes, noko som ikkje let seg gjera med tre banar i hallen.
Ivo Haranovics 791
Jens Flornes 701
Dainis Kalvans 689
Oddvin Flornes 657
Glenn Femsteinevik 654
Tekst og foto: Helge Hauge



