Invitasjon til opprykksfest/klubbfest Njardar/Tysnes

Publisert av: Martha Nygård Lande
26/10/2018 16:32

Njardar/Tysnes inviterer foreldre, besteforeldre, trenarar, oppmenn, søsken, vennar og kjente til å feira fotballåret som har vore, som vart toppa med opprykket til a-laget!

Festen er ikkje kun for a-laget, men for alle som føler dei har litt tilknytning til fotballen på Tysnes.

Staden er Vonheim i Våge 17. november, der dørane opnar kl 19:00 og festen startar 19:30.

Meny: Pinnakjøt. Kaker til dessert

Salg av øl, cider, vin og mineralvatn

Det blir eit utvida program med live-musikk, utdeling av prisar, show, presentasjonar med meir. Kort gjennomgang av sesongen til dei forskjellige laga.

Jim Jakobsen skal stå for eit skreddarsydd innslag for anledningen og spelar vidare opp til fest resten av kvelden.

Jim Jacobsen er ein av landets fremste allsang og party-trubadurer. Jacobsen har gjennomført meir enn 2 500 fest- og party-oppdrag hovedsakelig her på Vestlandet.

Ein showmann av ypperste kaliber.

Pris kr350,-

Siste frist for påmelding er fredag 9. november.

NB!  18 års aldersgrensa

Bindande påmelding til Janne Hatteberg på tlf/melding: 90608725

Forhåndsinnbetaling til konto: 35254042259 merk med navn.

Det kan fort bli fullbooka, så me oppfordrar til å vera tidlig ute. Dette blir kjekt!