Innandørscup på Fitjar
14/1/2024 08:26
2 lag med utspring frå Njardar/Tysnes var på Fitjar Kraftlag sin innandørscup på laurdag, 13. januar. Begge lag stilte i open klasse, men i kvar si pulje.
Eitt lag bestod av “søndagsgjengen” som trener i Tysneshallen om søndagane. Dei spelte under navnet HBB Elite med drakter sponsa av Hansen Blogg & Betong. Det andre laget var ein gjeng frå A-laget til Njardar og spelte under navnet Tibben FC.
HBB Elite gjorde ein fin figur, men måtte sjå seg slått i finalen i B-sluttspelet etter ein tett kamp.
Tibben FC beit godt i frå seg og nådde semifinale i A-sluttspel. Diverre tapte dei denne på straffekonkurranse, men fekk med seg pokal som vinner av bronsefinalen.
Bronsefinalen blei ikkje spelt då det andre laget trakk seg, men då blei det ein kamp der dei to Tysnes laga møtte kvarandre istaden. Denne kampen vant Tibben FC 2-1.
Cupen blei runda av med bankett og fest på Fitjar fjordhotell lørdag kveld. Ein kjekk cup med flinke initiativtakere på Fitjar, me håper me får delta igjen!
HBB Elite
Øystein Bakke
Oddvar Thuen
Ronny Hagen
Roy Skaten
Tommy Hansen
Atle Birkeland
Ole Bakke Rosvold
Tibben FC
Alvin Siglevik Lunde
Jonas Hagen Lunde
Tobias Dalen Hagen
Samuel Dalland
Jørgen Pettersen
Sivert Kleppe
Elvis Kalvans
Yusuf Keskinli
Aksel Lande
Raymond Epland (manager/benkevarmer)
Tekst og foto: Aksel Lande og Ronny Hagen