Informasjon frå symjeklubben

Publisert av:
13/9/2016 08:23

Hei, godt folk!

Då er det snart seg bassengstart, som er satt til måndag 26.09. Frå den datoen startar offentlig familiebading, same tider, grupper og priser som i fjor. Skulen tar også bassenget i bruk frå denne datoen. Symjeklubben sine treningar startar også då – i beste fall.

Vi har ein stor utfordring på trenarsida, då både Morten og Trine har meldt fråfall for komande sesong. Det betyr at det er kun Bent, Vegard og May Siren som held fram som før. Etter veldig mykje fram og tilbake ser det endelig ut til at vi skal kunne arrangere trenarkurs på Tysnes i næraste framtid, her oppmodar vi alle som har glede av symjeklubben, til å vurdere ei påmelding. Interesse kan sendast på pm her, eller til Bent Fossdal, 90866577, eller bent.fossdal@gmail.com.

Vi vil også arrangere eit livreddarkurs for trenarar og badevakter. Også på den offentlige badinga treng vi fleire badevakter, der kan de sende påmelding til steinaanesen@gmail.

Vonar på god respons, slik at me kan gje eit like godt tilbod til alle gruppene som i fjor!

 

Styret.