Ikkje flytande turistinformasjon

Publisert av:
2/5/2009 09:20

Samfunnsutviklar Tron Bach stiller seg uforståande til at fylkesmannen har sett foten ned for planane. Ein flytande turistinformasjon var meint som ei mellombels løysing som skulle testast ut no i sommar.

Bach spør seg om det er fylkesmannen som skal styra Tysnes eller politikarane i Tysnes i denne typen saker. Tysnes kommune godkjende nemleg planane.

Men fylkesmannen meiner eit flytenaust vil få ei svært dominerande og landskapsmessig uheldig plassering, og stiller seg også kritisk til korleis ein skal leggja til rette for universell utforming og tryggleik for dei vitjande og tilsette.

Det er Bladet Tysnes som melder dette.