Såing av plen på friluftsområdet i Peralio. Foto: V. Aslaksen

Dugnad i Peralio friluftsområde

Publisert av: May Britt Meland
25/5/2019 18:03

Båtlaget Njord Tysnes arrangerte dugnad i Peralio friluftsområde i dag. 10 personar stilte opp med redskaper og god arbeidslyst! Me fekk anlagt plen og sådd i, slått gras rundt Njordstø og forskalt ferdig om lag to tredjedeler av den om lag 80 meter lange murkanten som skal gå langs tufteparken. Det vart ei god pause med matøkt midtvegs der det vart servert grillmat og drikke. Båtlaget takkar alle som møtte for god dugnadsinnsats og framifrå matservering!

PS: Sidan me ikkje vart heilt ferdige med forskalinga, blir det ei ny mulighet for dugnad  i morgon kl 11.00 for dei som ikkje hadde høve til å stilla i dag.
Tekst og foto: Vegard Aslaksen