Idrettsmerkeprøvar
11/9/2017 14:54
Ein tradisjon som har har vore kvar haust i idrettslaget sidan 1985.
Ein fast gjeng har vore med gjennom alle desse åra. Nye merketakarar har det vore vanskeleg å rekruttera, men i fjor var det fleire nye som møtte fram. Det var kjekt, og dei greidde krava i hurtigheit, spenst, styrke og uthald. Mange trur at dette er noko dei ikkje greier, men dei som trimmar litt og er i bra form, meistrar greit denne utfordringa. Dessutan er det slik at det er fleire alternative øvingar innafor kvar gruppe. Når det gjeld t. d. styrke kan ein velja mellom kule, liten ball, armhevingar, slengball, push ups og endå meir.
Onsdag og torsdag i inneverande veke blir det høve til å ta idrettsmerkeprøvane på idrettsbanen ved Tysnes skule. Dessutan blir det fleire sjansar seinare i haust. Sjå opplysningar på kalenderen.