Idèmyldringsmøte ang. aktivitetstilbod etter skuletid

Publisert av:
19/5/2010 20:13

Til hausten har Regjeringa bestemt at alle elevar frå 1.-4. klasse skal få tilbod om gratis leksehjelp etter skuletid. Det betyr i praksis at våre elevar kan få vera igjen på skulen på skulen frå 14.00  – 15.00, og få hjelp med lekser eller andre skulerelaterte aktivitetar. Dette er jo vel og bra, men tilbodet er dessverre tilpassa skular i bynære strok, der bussane går kvart tiande minutt.

For oss på Tysnes kan dette medføra at vi ikkje kan nytta oss av tilbodet, og at våre skule-elevar dermed får ein dårlegare tilbod, berre fordi vi bur i ein utkantkommune.

Dette kan vi ikkje sitja stille og finna oss i !!!

Vi vil difor appellera til lag, organisasjonar, bedrifter, anna næringsliv og andre ambisiøse personar om å vera med på eit felles løft for våre barn. Det vi har satt oss fore, er å gje våre elevar eit langt betre tilbod enn det dei får i byane,- fordi vi bur i eit lite samfunn.

I tillegg til leksehjelp frå 14.00 – 15.00, med assistentar frå skulen ( evt.også pensjonistar og elevar frå 10. klasse), vil vi utvida dagen med enno ein time frå 15.00 – 16.00. Denne timen vil vi fylla med idrett, anna fysisk aktivitet og kulturelle tilbod.

Som forelder har du sikkert opplevd tidsklemma på ettermiddags- og kveldstid, med middag, lekser og trening i eit stort tempo og med aukande frustrasjons- og adrenalin-nivå hos alle partar !
Det vi ønskjer å oppnå er elevar som dreg heim frå skulen kl. 16.00, med buss eller foreldreskyss, som kjem middagssvoltne heim og har gjort unna både lekser og trening/øving.

Dette vil heilt sikkert bidra til langt rolegare ettermiddagar i mange heimar. Koselege felles middagsmåltid, og ikkje minst auka kvalitetstid og SUPER REKLAME FOR OPPVEKST-TILHØVA I TYSNES !!!!!

Det vi må klara i lag, er å frigjera trenarar og instruktører slik at dei kan få høve til å gjera sin frivillige innsats frå kl. 15.00. Synst du dette verkar interessant, og vil vera med å skapa noko unikt for våre barn i lag med andre i kommunen?

Då er du hjarteleg velkomen til felles idèmyldringsmøte på Uggdal skule;
Torsdag 20. mai kl. 19.00.

Vel møtt !!
Helsing frå
FAU ved Uggdal skule
og
Bente Raknes
-rektor-