Publisert av: Martha Nygård Lande
26/9/2019 18:23
HUGS REFLEKS!
Sjølv om me har flotte dagar, er me snart i oktober, og kveldane er mørke. Tysnesingen vil oppfordre alle til å ha på seg ein eller annan form for refleks når ein ferdast ute i mørket.
Trygg Trafikk skriv på nettsida si at kun 4 av 10 vaksne brukar refleks. Dårlegast er vaksne i alderen 30+ og menn, og det er borna som er flinkast til å ha på seg refleks.
Dersom du går utan refleks vil ein bilist i 50 km/t kun ha 2 sekunder på å sjå deg. Brukar du refleks har bilisten 10 sekunder til rådighet.
Årets refleksdag er 17. oktober, men det er ingen grunn til å vente med å ta refleksen på.
Lurer du på kven som er årets refleksdesigner, kan du lesa det her.