Høgtideleg markering

Publisert av: May Britt Meland
24/10/2021 20:34

Etter ein periode med omfattande renovering, var det i dag storstilt markering på Tinghuset i Uggdal med 111 års feiring. Ordførar Kåre Martin Kleppe sytte for høtideleg snorklypping.

Dei 80 påmelde fekk servert kaffi og kaker, og underholdt med flott song av Martha og Nesegutane.

Tinghuset har vore som ein institusjon i Tysnes i over 100 år det har vore nytta som Amtskule, og sidan som Realskule. Vidare som Tinghus, møtelokale, festlokale og som lokale for Tysnes Sparebank.

Tysnes Sogelag, Tysnes Bygdekvinnelag, Muselaget og Venelaget for jåtteseglarane har lagt ned utallege dugnadstimar for å få til desse flotte utstillingane!

Her får du eit bildedryss som syner det flotte resultatet:

 

 

 

 

Foto: John Ola Gransjøen