Høgtideleg avduking av kulturminnetavle

Publisert av: May Britt Meland
22/6/2022 07:27

Søndag 19.juni vart kulturminnetavla på Prestasetre avduka.

Det var den nye styreleiaren i Tysnes Kraftlag, Einar Wathne, som stod for snorklippinga.
Merete Fjelltveit Flakke og Øystein Flakke stramma snora.

Det var nett så vidt ein kom over 2 bekker som var blitt fossande elvar. Men desse hadde kvalifisert seg ved å gå første pilgrimsvandringa i 2015 frå Tysnes kyrkje til Onarheim kyrkje. Den gongen opna også “himmelens sluser”.

På heimvegen merka me med merkepinnar og band.

Ein nøgd turgjeng avslutta turen med pizza på Myrdal Gaard.

 

Tekst og foto: Tore Økland