Tysnes Sparebank Foto: Tysnesingen.no

Historisk halvårsresultat i Tysnes Sparebank

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/8/2024 08:59

Pressemelding

Historisk godt resultat

Det andre kvartalet i 2024 oppnår banken eit historisk godt kvartalsresultat på 31,5 mill. kroner før skatt. På same tid i 2023 var resultatet 23,7 mill. kroner –  framgongen er på heile 33 %.

Innskot frå kundar i regionen har god auke, og utgjer ved halvårsskiftet om lag 88 % av utlånsvolumet i banken.

«Det er veldig kjekt å kunna leggja fram rekordtal no når vi er på oppløpssida i samband med fusjonen med Haugesund Sparebank. Vi har stort fokus på å oppretthalde god drift samstundes som banken arbeider med samanslåingsprosessen» uttaler banksjef Dag Sandstå.

Kostnadsprosenten i banken er ved halvårsskiftet 38,4 % (på same tid i 2023 var den 50,7 %).

Framleis utfordrande tider

Sunnhordlandsregionen går godt til tross for den dyrtida vi er inne i. Arbeidsløysa er låg, og verksemdene i regionen har etter tilhøva klart seg rimeleg godt så langt. Som lokalbank er det viktig å vera ein samarbeidspartner i gode og dårlege tider overfor alle kundar.

«Vi har som mål å væra lokalbanken som kjenner kundane og deira behov godt. Det gjer at banken som oftast finn løysingar saman med kunden når utfordringar oppstår. Difor er våre medarbeidarar som brenn for sine lokalsamfunn og har den lokale innsikten avgjerande for at banken lukkast så godt som vi gjer no» seier banksjefen.

Fusjon med Haugesund Sparebank

Finanstilsynet har gjeve grønt lys for samanslåinga med Haugesund Sparebank, og etablering av Sparebankstiftelsen Tysnes. Målet er at bankane juridisk vert ein bank i god tid før nyttår. Banksjefen i Tysnes Sparebank er vald som styreleiar i stiftinga. Stiftinga vil etter planen verta formalisert i løpet av september månad.