Illustrasjonsfoto frå tidlegare arr.

Babysong

Publisert av: May Britt Meland
10/10/2018 18:37

Den nye og flotte «Storstova» i 1. etasje på Tysnes Omsorgssenter vert flittig nytta til mange ulike typar arrangement.

Kommande Mandag, 15. oktober, kl 11.00 kan både små og store få sjå og delta på BABYSONG.

Heidi Hollekim, trusopplærar ved Kyrkjekontoret, fortel at arrangementet er ope for alle som vil komma, helst med babyar/ småborn, men sjølvsagt går det an å komma for å vera med på song og leik.

På repertoaret står gode, gamle songar som Ro ro til fiskeskjær, Min båt er så liten og meir moderne som Babysamba og Bomchickabom som me dansar og beveger oss etter, seier Hollekim.

-Bebuarane på omsorgsenteret var med og deltok sist me var der og det håpar me dei gjer denne gongen også, det er det som er meininga med å ha Babysong der.

Marit prest leiar Babysongarrangementet med tonefølgje av organist, André Eide.

Erna Drange og Eli Johnsen plar alltid å smørja rundstykke og koka kaffi på Babysong treffa.