Publisert av:
17/6/2012 16:19
Heimetap for J13
Njardar-jentene hang lenge med i kampen mot Stord på Reiso i dag.
Gjestane leia 1-0 til pausen. Njardar utlikna så til 1-1 i 2.omgong ved Nora Kleppe. Etter Njardar-scoringa hadde laget mange store sjansar til å gå opp i leiinga, men ballen ville ikkje i mål.
Når så Stord fekk mål på sine angrep gjekk piffen litt ut av heimelaget. Stord kunne dermed pøsa på mot slutten og vann til slutt 6-1.
Men skilnaden var ikkje så stor på dei to laga, og Njardar var fullt på høgd med stordingane spelemessing.
Desse var med:
Malene Tysnes, Thea Sløgedal, Amalie Tysnes, Marie Sofie Frøyseth, Nora Kleppe, Ayleen Hagen, Malin Hagen-Lunde, Marita Kjerrgaard, Camilla Helgesen, Nora Stien, Mathilde Fauske.