Trøbåtar på plass ved Onarheimsvatnet. Foto: Onarheim Bygdalag

Trøbåtar på plass

Publisert av: May Britt Meland
21/6/2020 10:00

Onarheim Bygdalag er ein av mange som har fått støtte frå Tysnes Kraftlag. Kraftlaget deler ut midlar som skal bidra til at lokalsamfunnet vert ein attraktiv og levande plass for innbyggjarane. Onarheim Bygdalag har fått tildelt midlar til oppgradering av området ved Onarheims vatnet. Det er planlagt ordning av kai og veg, og ein skal bygge ei gruve.

I tillegg har laget tinga 2 stk. trøbåtar med plass til 5 personar. Trøbåtane vart levert laurdag 20. juni. Onarheim Bygdalag har no både kanoar og trøbåter til leige.

-Det er viktig å lese nøye bruksanvisninga bak med roret før sjøsetting, fortel Heidi Renate Røssland ved Onarheim Bygdalag. Roret må bytte stilling, men det står godt beskrevet ved siden av roret. Tilbakestill roret før dåke løfter båten opp på bakken igjen. Ikkje dra båtene bortover gresset. Dei må løftast slik at rotet ikkje knekker. Ta trekket på igjen etter bruk.

-Og husk: redningsvest. 😀

Med dette ynskjer styret i Onarheim Bygdalag  ein god sommar 😎