Publisert av: May Britt Meland
18/10/2021 19:57
Haustfest på Tysnes Omsorgssenter
Fredag 15. oktober var det haustfest på Omsorgssenteret. Kring 60 bebuarar med pårørande og fylgje hadde benka seg for ei lita feststund. Frivillige hadde pynta og dekka borda.
Helga Boland ynskte velkomen, og presenterte det som no er blitt husbandet: Martha og Nesegutane.
Dei drog i gong den eine slageren etter den andre og nokre song med.
Lorentz Lunde avslutta med eit humørfyllt kåseri med litt skjemt og litt alvor.
Festen vart avslutta med betasuppe og bløtkake.
Tekst og foto: Per Verner Aase