Foto: Njord Aqua

Hektisk haust for Njord Aqua

Publisert av: May Britt Meland
8/11/2018 17:34

Erling Aarvik Borgen, dagleg leiar i Njord Aqua, kan sjå tilbake på ein hektisk oktober.

-Det er den travlaste månaden vi nokon sinne har hatt, seier ein nøgd leiar.
Firmaet som driv med undervanns operasjonar ved bruk av ROV har hatt varierte oppdrag, alt frå not- og fortøyningsinspeksjonar til kabelkartlegging. Dei har ein del faste kundar, men opplever også stadig å få nye kundar, noko dei set utruleg pris på.

Det er tøft å starta eige firma, men slik det ser ut no, kjem Tysnes firmaet til å gå mot eit positivt resultat i 2018.

Dagleg leiar i Njord Aqua, Erling Aarvik Borgen, Foto: Privat

 

Du kan lesa meir om denne saka på Kyst.no