BROILER avslutter fredagen!

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/4/2022 21:01

Broiler har vore på Tysnesfest før. Begge gongane har både publikum og frivillige tatt heilt av, for er det noko denne gjengen kan er det å laga ekstreme sceneshow!

Få kunne nok sjå føre seg den enorme veksten i popularitet som Simen Auke og Mikkel Christiansen aka Broiler har oppnådd på kort tid. På berre nokre år – og meir enn 400 millionar Spotify-streams seinare har dei transformert frå litt ukjende YouTube personlegheiter til ein svært etablert og suksessfull DJ/Produsent-duo.

Dei tok for alvor steget inn i ein meir seriøs del av musikk-sfæra i 2015 då låten deira “Wild Eyes” inntok hitlistene i Norge, Danmark og Belgia. Når dei og remixa låten “Shots”, tok det verkeleg heilt av.

Broiler har befesta sin posisjon som ein av dei mest talentfulle produsentane i Noreg, men dei kviler ikkje på laurbæra av den grunn, og gjev ut platinum-singel etter platinum-singel. Hittane “Money”, “Lay it On Me”, “Hurts So Good” og “Do it” er faste innslag på klubbar i heile Europa.

 

Hittil er følgande artistar lansert til Tysnesfest:

Gjerstad Arena:

Torsdag: PlumboHagleHalva PrisetSoppgirobyggetHelene OlafsenStaysman

Fredag: Bjørn EidsvågChris HolstenSKAARCC CowboysOnklP og De Fjerne Slektningene, BROILER

Laurdag: Erlend RopstadRonan KeatingSynne VoReturn, Stage Dolls, Kjartan LauritzenTIX

 

Andre arenaar:

Bermudateltet torsdag og fredag: Vinskvetten