Illustrasjonsfoto

Handle lokalt i dag, for å ha eit lokalt tilbod i morgon

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/6/2020 08:25

Tysnes Næringsråd har satt i gang ein handle lokalt kampanje, som skal vare heile sommaren.

Måndag 22. juni startar kampanjen der ein ynskjer å sette fokus på kor stort tilbod ein har her på øya, og med det oppfordre både fastbuande og tilreisande til å benytte seg av dei lokale bedriftene.

Heile 42 bedrifter har sagt at dei vil være med å støtte kampanjen, noko som har resultert i mange flotte premiar.

Dersom du vil være med i trekninga, må du handle lokalt i ei bedrift som er med i kampanjen. Der får du eit klyppekort med stempel kvar gong du handler for kr 400,- eller meir. Når du har samla 10 stempel, må kortet leverast inn på Nisjekroken innan 16. august.

Tysnes Næringsråd si facebookside kan du lese meir om kampanjen, alle dei flotte premiane og kva for lokale bedrifter som er med.