Handballkampar søndag
18/2/2013 09:14
J11 Tysnes – Os
1.omgang starta jamt. Os var heldigare med avslutningane sine og leia fyrste del av omgangen. Etter halvspelt omgang hadde Tysnesjentene utligna. Laga veksla på å leie med 1 mål fram-mot pause og det såg ut som om Tysnes kunne gå til pause med leiing. Ei Os scoring i siste minutt gjorde at stillinga til pause var 7-7.
I 2.omgong vart tempoet høgare – men laga fylgde kvarandre tett det meste av omgongen. Tysnes sin keeper (Eline/Ingeborg) hadde nokre flotte redningar og Petra Sløgedal scora fleire fantastisk flotte mål frå spiss vinkel på vingen. Stor prestasjon av ein så ung spelar!! Alt i alt ein flott kamp av heile laget og Tysnes rodde det i land og vann kampen 17-15.
G14 Tysnes – Gneist
Gneist opna ballet og scora fyrste målet, men når Tysnes fyrst kom i gong så sto det 5-1 til Tysnes før Gneist igjen fekk ballen i mål.
Tysnes var hakke meir effektive enn Gneist og leia komfortabelt 14-6 til pause.
Tysnes styrka leiinga og låg over med 10 mål halvvegs i omgangen. Gneist kom aldri nærmare og Tysnes vann 21-9
Dette var ein kamp med høgt tempo og Tysnesgutane fekk verkeleg vist at dei kan spela god handball!!
J13 Tysnes- Bjarg
Jentene var svært motivert før kampen, siden de tapte med 7 mål mot dette laget forrige gang. Lagene fulgte hverandre jevnt gjennom hele kampen, og det kunne Tysnes spesiellt takke keeper Tamara for idag, som bla. reddet to straffer. I kampens siste spilleminutt var stillingen 16-16 og da Tysnes fikk frikast, var spenningen til å ta og føle på – og da Thea satte ballen i mål i siste sekund sto jubelen i taket !
G14 Tysnes- Fana
Her møtte guttene solid motstand og stillingen var 6-19 til pause. I andre omgang spillte guttene seg kraftig opp og vi fikk se mange fine taklinger og mål. Kampen endte alikevel med seier til Fana, 15-31
Damer Tysnes – Norde Holsenøy
Det vart ein treg start for Tysnesdamene. Nordre Holsenøy scora 3 før Tysnes fekk fyrste nettkjenning etter 6 min. Tysnes jobba seg nærmare og etter 13 min gjekk dei i leiing for fyrste gong. Laga bytte på å leie med 1 mål – men siste 10 min drog Tysnes i frå og leia 15-12 til pause.
NH starta best etter kvilen og utligna til 15 –15. Tysnes svara med 3 kjappe scoringar og etter halvspelt tid leia Tysnes med heile 6 mål og det såg ut som og sigeren nesten var i boks.
Men NH kjempa seg inn i kampen igjen og 5 min før slutt var stilinga 29-29. Det vart ulidelig spennande for oss på tribunen men jentene klarte å halde hovudet kaldt og vant 31-30.