Medarbeidarane på ambulansestasjonen på Tysnes gler seg over gode arbeidsforhold i totalrenovert bygg. Frå venstre Hanne Storesætre, Birthe Tveit, Jorunn Økland, Hilde Skumsnes Auestad, Geir Røssland, Thorbjørn Olafsen, Atle Nordtun (verneombod) og Kristin van der Meeren. Skjermdump helse-fonna.no

Oppgradert ambulansestasjon

Publisert av: May Britt Meland
19/9/2021 13:48

Fredag 17. september var det høgtidleg og offisiell opning av den nyoppussa ambulansestasjonen på Tysnes, som ligg i landlege og idylliske omgjevnader i Lundegrend. Denne kjekke saka kan ein lese på Helse Fonna sine sider. I artikkelen vert ambulansestasjonen omtala som: “ein oppgradert, moderne og framtidsretta stasjon”.

Vidare i saka kan ein lese om den høgtidelege opninga med snorklypping av Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe.

Skjermdump helse-fonna.no

 

Funksjonsleiar Geir Røssland fortel i saka at dette var ein stor dag for han og kollegane. “-Ambulansestasjonen på Tysnes er ein av dei minste av Helse Fonna sine ti ambulansestasjonar, men det at vi no får ein ny og moderne stasjon viser at Helse Fonna satsar på oss.”

Les heile saka på Helse Fonna