Publisert av:
3/2/2013 08:28
Handball laurdag Jenter 14
Kringlebotn ligg øverst på tabellen og jentene var spente før kamp. Tysnesjentene fekk ein veldig god start og leda 7-0 etter 11 minutter. Kringlebotn hadde nokre gode angrep og til pause var stillinga 9-4 til Tysnes.
Andre omgang starta med to kjappe mål frå Kringlebotn og ein merka at dei var klar til å kjempe vidare. Det var mykje tøft spel, med utvisningar og Tysnes fekk ein del straffer.
Jentene kjempa og kjempa og tok inn sigeren til slutt.
13-11 vart sluttresultatet.
Kjempebra jobba!
Desse var med: Ina Borlaug, Thea Sløgedal, Anna Dorthea Espevik, Eline Teigland, Ruth Johanne Kongsvik, Nora Kleppe, Kathrine Folgerø, Martine Siglevik Lunde og Eli Enes.