Tradisjonsrikt handtverk

Publisert av: May Britt Meland
23/7/2018 19:40

Tysnes Kystlag sin stand der båtbygging vart demonstrert, var populær i Haugesund sist helg under Kystens Landstevne.

Arne Høgestøl viser med stødig hand korleis ein lagar årer.

Egil Meland og Arne Høgestøl viste bygging av Strandebarmar.

Anne-Britt og Gunnar Onarheim hadde teke turen til Haugesund med båten “Senet”. Den tidlegare kvalbåten vert no nytta til turbåt. Onarheim har hatt båten i ca 15 år, og har restaurert og vedlikeholdt båten sjølv. Det er enno ein del som gjenstår før prosjektet er ferdig, lugar skal ordnast og lastrom skal innreiast.