Publisert av:
9/7/2009 20:15
Halleluja stemning
Litt før halv ti i kveld byrja Hallelujah-gutane konserten sin. Dei kjente låtane kom som perler på ei snor, til stor stemning blant publikum, som var både store og små.
Kurt Nilsen sa frå scena at dei hadde hatt ein fantastisk dag på Tysnes, der dei også hadde fått seg ein tur på sjøen.
Tysnesfest rekna rundt at eit par tusen billettar vart selt til kveldens konsert som byrja med spelemannpris vinnar Orbo & the Longshots.
Kurt Nilsen & co skal vera ferdig om lag halv tolv.