Foto: Tysnes.skule.no

Stø kurs med Blå skule

Publisert av: Dagfinn Sandvik
19/2/2019 13:45

Ei skikkelig vårstemning var det fredag 15. februar då elevane var på ei ny tokt ute i naturen. Temperaturen var uvanleg høg for å vere midt i februar månad. I garnet fekk dei ein havål, som i følge elevane ikkje var noko fint syn.

Ærfuglhusa vart måla med siste strøk. Planen er å få fuglane ut i neste veke, seier dei.

 

Foto: Tysnes.skule.no

 

Foto: Tysnes.skule.no

 

Eit stort lass med ved vart kløyvd av flittige vedkløyvarar, og det vart ekstra varmt då elevane fyrte opp eit bål. Her har me bilde av to stykker som er blitt kjent med å bruke øks. God teknikk.

Foto: Tysnes.skule.no

 

Foto: Tysnes.skule.no

 

Måndag 18. februar

Elevane har vore flink å byggja eit lite lysthus som dei kallar Gapahuken. Golvet er på 9 kvadratmeter. Veggene er også på plass.

Fuglane fekk hol i kassen, slik at dei kjem seg ut i fri natur saman med mor si.

 

Foto: Tysnes.skule.no

 

Foto: Tysnes.skule.no