Disney-songar i Vonheim

Publisert av: Dagfinn Sandvik
28/1/2019 19:55

Bergen Vocalis er eit kor frå Bergen som skal ha familiekonsert i Vonheim den 09/03 kl 17.00. Der skal dei synge gamle og nye Walt Disney songar, songar som dei aller fleste kjenner igjen. Forestillinga er delt inn i to akter og varer i totalt to timar. I pausen mellom aktene vert det sal av kaffi og kaker m.m.

Birthe Aarland er frå Bergen, men har budd på Tysnes dei siste 12 åra. Ho har vore aktiv i koret både før og etter at ho flytta til Tysnes.

Etter suksess med forestillinga i Åsatunet i Åsane, der dei spelte for fullsatt sal, kom Birthe med forslag om å framføre stykket på Tysnes. Ho kontakt Jannicke Epland og Øystein Dalland om å få leige ungdomshuset i Vonheim med diverse lysutstyr. Dette ordna seg fort, noko Aarland vart glad for.

 

 

Birthe seier vidare at dei før jul hadde konsert med sølvgutane i Grieghallen. Ho fortel også at dei skal i nærmaste framtid vere med i NM i korsang i Trondheim, og at dei skal på utenlandstur til Tsjekkia for å ha forestillingar.

For å kjøpe billettar, klikk her.