Gründerpuls 2012
3/10/2012 13:33
Torsdag 4. oktober kl. 13.00.
Stad: Vågen AS, Vågsmarka
Tema v/Magne Raknes:
– Idé, konsept, namn og produkt
– Korleis gjera bedrifta di tydleg og sterk i marknaden
– Erfaringar frå Gründerpuls Bømlo
Magne Raknes, nærings- og utviklingssjef i Bømlo kommune.
6 års erfaring i arbeidet med gündere, inkubatorar og næringsutvikling. Bakgrunn som bedriftseigar i 20 år innan reklamebransjen, og særskilt oppteken av merkevarebygging og marknadskommunikasjon.
Kjetil Hestad, Tysnes kommune og Kjetil Djuve frå Atheno AS medverkar og.
Gründerpuls sine siktemål:
• skal skapa / byggja nettverk
• gje fagleg kunnskapsauke
• vera til inspirasjon
• vera individuell rettleiing i forhold til idé, forretningsutvikling, marknadsføring osv.
• vera eit uformelt etablerar /gründermiljø
• vera ein stad der ein kan treffa andre «likesinna»
• vera ein stad der kunnskap og kompetanse kan delast
• vera ein stad der ein kan stilla spørsmål til «hjelparane»
Har du ein idé, liten eller stor – alle er hjarteleg velkomne!