Ungdommar pussar opp “Samson”

Publisert av: Dagfinn Sandvik
15/2/2019 16:00

Heilt sidan han var veldig ung begynte den no avdøydde Samson Bakke å interessere seg for spesielle ting, slik som snekring av båtar og anna mekanisk arbeid. Fyrst bygde han ein seilbåt i tre, og deretter båten som han oppkalla etter seg sjølv. Båten vart bygd i reiskapshuset i løa på Bakka, gården som ligg vis-à-vis Lunde senter. Korleis Bakke fekk fatt i teikningane til båten, er ukjent, men den vart bygd etter minste detalj. Bakke var kjent for sin nøyaktigheit når det gjaldt arbeid, noko som han også var seinare i livet, og som skulle føra han fram til ein glitrande arbeidskarriere.

I tillegg til snekring, interesserte Bakke seg mykje for fisking og friluftsliv. Det låg litt i korta at båten skulle brukast til dette. Tysnesingen har vore i kontakt med enka til Bakke. Ho fortel at båten for det meste låg i ro på land, sidan Samson stort sett var ute å jobba til sjøs. No er familien glade for å få båten nyrestaurert, slik at den på ny kan bli brukt flittig på sjøen. Ho legg til at det er barnebarna som ser fram til å bruke den. Båten vert no restaurert av elevar ved ein skule i Bergen, og avtalen er at familien Bakke skal få kjøpe den attende når den er ferdig.

Bakke utdanna seg til å bli maskinist, og byrja å seile til sjøs som tenåring. Han utmerka seg tidlig med å bli rederiets yngste maskinsjef hos Hurtigruten. Seinare seilte han i mange år for rederiet Jebsen i Bergen, før han i relativt ung alder døydde av sjukdom. På den tida hadde han klart å bli inspektør, der han mellom anna tok ut fleire nybygg, av typen bulkskip, bygd ved eit verft i Japan. Der budde han med familien sin i 3 år, frå 1974 til 1977.

På dei mange utenlandsanløpa Samson var med på, var han ofte i land og kjøpte flotte delar til trebåten, dekor og liknande, som han monterte når han var heime på fri. Båten vart dessverre utsatt for eit tjuveri, der desse flotte delane vart stjelt. Då budde familien i Mulen i Sandviken, men ferierte på Tysnes om sumaren.

Ei anna historie om båten, er då far til Samson, som for det meste budde og jobba i USA, kom heim til Tysnes ein sumar, og hadde med seg ein 60 hk Evenrude påhengsmotor. Til dei oppmøtte tilskodarane sin store forbauselse, vart denne påhengsen montert på den vesle trebåten. Kanskje vel optimistisk med ein så stor motor på ein 14 foter, men ryktene seier at båten gjekk som ei kule på vatnet, og gleda var stor.

 

I denne artikkelen i BA, kan du lese om korleis båten vart frakta til Kystkultursenteret i Sandviken, der den no er under restaurering av 16 flittige ungdommar.

 

Foto: Johannes Eidem

 

Foto: Johannes Eidem

 

Foto: Johannes Eidem

 

Foto: Johannes Eidem