Godt frammøte på skogeigarlags-samling.

Publisert av:
16/1/2015 18:24

På møte i skogeigarlaget torsdag kveld i Tysnes Industri sine lokaler, fekk dei frammøtte grundig informasjon frå Johannes Tveit om stell av motorsag og krav til verneutstyr. Forskjellige produkt blei vist alt etter bruk og behov. Eit godt råd var bl.a. kjøp alltid eit hakk større motorsag enn først tenkt. Hobbysag for skog og ved duger ikkje!

For å få eit godt utgangspunkt og komme i gang med opprydding etter stormen sist helg informerte Åsta Midtbø om rapporteringsrutinar til Vestskog og Skogbrand. Omgåande innmelding er viktig slik at opprydding kan komme i gang helst før påsketider. Rotvelta tre kunne stå lenge utan å verta forringa. Tre som er knekt, hastar det meir med å saga for at kvaliteten ikkje skal verta redusert.

Åsta og Audun Lund Eik  informerte vidare om planlagte kurs: Kurs i bruk av motorsag og Vindfallkurs

Som avslutning på programmet var det ein “iderunde” på kva saker laget kunne arbeide videre med. Styret takkar for mange gode forslag og vil jobbe videre med desse fram mot årsmøte, som forøvrig vert 25. mars.

Fredrik Landeråen
leiar Tysnes skogeigarlag