Godt 1. kvartal for Tysnes Sparebank
30/4/2015 08:59
Inntektsauken er eit resultat av målretta satsing mot privat- og bedriftsmarknaden i regionen Sunnhordland, Hardanger og Os/ Fusa. Tilgangen på nye kundar er stor. I 2014 var Tysnes Sparebank ein av dei norske bankane med størst vekst – kundemassen vaks med 21% i 2014.
Nytt kontor i Kvinnherad
Bankens nye kontor i Kvinnherad opna offisielt 15. april 2015. Tilgangen på nye privat- og bedriftskundar i Kvinnherad er svært god. Dette er det første kontoret utanfor Tysnes kommune i bankens 152-årige historie.
Emisjonen i mars vart overteikna med 20%
Banken fekk i mars inn 35 mill. kr. i ny eigenkapital for å ha styrkje til å veksa i lokalmarknaden. Det var så stor interesse at alle ikkje fekk fullt ut det dei ynskte å teikna for. Fleire har meldt si interesse for å kjøpe eigenkapitalbevis som måtte koma for sal.
Tysnes 29. april 2015
Tysnes Sparebank
Dag Sandstå
Banksjef