God stemning på Hordakyststemne!
25/6/2017 10:15
Den historiske vandringa i Onarheimsbygdo som tok for seg Onarheim Kulturkyrkje, Vossabakkjen, Seløystovo og Kjørkjevikjo fekk god oppslutning.
Arrangørane hadde sett opp store telt som romma dei mange salgsbodene, og her vart det travelt!
Ordførar Kåre Martin Kleppe som stod for den offisielle opninga, fann sin favorittost hos Tveitekjerringa: Tvedtaosten.
Hjørdis J. Heggland stilte med fantastiske strikleplagg frå Votteverkstaden.
Arne Høgestøl lager årer, og demonstrerte kunsten til alle som var interesserte.
Johannes Tveit solgte flotte økser.
Flotte handlaga knivar!
Utpå ettermiddagen vart det halde ulike tevlingar med eit maritimt preg:
Det var tautrekking med 5-mannslag, mellom Kystlaga. (Foto øverst i artikkelen.)
Halding av ausefat, der ein fekk testa utholdenhet og senestyrke.
Og: Kastelinekonkurranse.
Dagen vart avslutta med middag, sponsa av Gerherd Meidel Alsaker, med god trekkspelmusikk frå Høgestøl trio.
Mange staselege båtar låg til kai.
Godt sagt:
Foto: Rebekka Høgestøl