Historisk Torsdag

Publisert av: May Britt Meland
30/9/2023 08:19

Er de klare for å ta ein lærerik og fassinerande tidsreise utan å forlata Tysnes? Me er stolte av å presentera vårt nyaste konsept, “Historisk Torsdag”, i Naustet her på Mandelhuset.

I den aller første utgåva, 12. oktober klokka 18:00, vil me få besøk av den kjende forfattaren og lokalhistorikaren Knut Rage.
Han vil dykka ned i det mystiske spørsmålet kring oppdaginga av Amerika og utforsking av det nordamerikanske kontinentet i vikingtida, med utgangspunkt i Pål Knutsson frå Onarheim og hans følgje som skal ha etterlate seg ein runestein som kom for dagen i Minnesota i 1898.

Frå runesteinar i Minnesota til norrøne riker i Nord-Amerika, Rage vil freista å gi svar på spørsmål som har fasinert mange. Forelesinga er rikt illustrert med bilete og vil gje deg innsikt i korleis vikingar kan ha spela ei rolle i amerikansk historie.

Knut Rage er også kjent for å leve som viking i Gudvangen og vil dele nokre forteljingar frå denne unike opplevinga.

Stad: Naustet (eller Festsalen om me får stor pågang)
Tid: 18:00
Billettpris: Kun 50,- kr!
Kjøkenet er ope til 19:00, så kvifor ikkje starta kvelden med ein herleg komlemiddag?

Me gleder oss til å ta dykk med på denne spennande, lokalhistoriske reisa. Sikra billettane dine no og bli med på ein uforgløymeleg kveld!

Patrick Russell Madsen
Sommelier og dagleg leiar Mandelhuset AS