God start for idrettsmerke- prøvane

Publisert av:
11/9/2014 15:29

Den fyrste kvelden med idrettsmerkeprøvar i Tysnes IL samla seks deltakarar onsdag 10.september.
Neste onsdag (17. september) blir det eit nytt høve til å vera på denne aktiviteten, som Tysnes IL har gjeve tilbod om kvart år heilt sidan 1985. Neste år er det med andre ord 30- årsjubileum.

Utover hausten blir det nok endå fleire sjansar til idrettsmerkeprøvar. Følg med på kalenderen til tysnesingen.

Alle dei seks frammøtte onsdag kveld greidde krava i 60 meter, spenst, styrke og uthald. Fem av dei har vore med så og seia i alle desse 29 åra.
Gledeleg var det med debutant Janine Freyboth som kom og gjorde ein flott prestasjon. Det er vel elles god grunn til å trekkja fram Tor Ottersen sin innsats. I ein alder av 81 år fiksar han på ein overtydande måte alle krava til idrettsmerket.

HOD, Tysnes IL

Tekst og foto: Hans Ole Dalland