Vegard Aslaksen og Bjørnar Helland lanserte i dag Appen MinLogg (Foto: Privat)

Lanserte App for Norske brannfolk

Publisert av: May Britt Meland
12/4/2018 23:29

Brannmenn Mot Kreft lanserte i dag appen MinLogg for registrering av eksponering for kreftframkallende kjemikalier i brannyrket.

 

Tysnesingane Vegard Aslaksen og Bjørnar Helland har vore med i utviklinga av appen.

Vegard er nestleiar i foreininga Brannmenn Mot Kreft (www.brannmennmotkreft.no) som står bak i ideen til MinLogg

Bjørnar jobbar som techlead og utviklar hos firmaet Keyteq (www.keyteq.no) som har laga appen som i dag vart gjort tilgjengelig for gratis nedlastning i både appstore og googleplay.

Brannmenn har auka risko for å utvikla ein rekke krefttypar enn resten av befolkninga. MinLogg er laga for å lett og intuitivt kunna registrera når ein har vore i brann eller på øvelse og blitt eksponert for røyk som inneheld kreftfremkallende kjemikalier. Dette er viktig både for å bevisstgjera den enkelte på å nytta rett verneutstyr og tenka preventivt. Samtidig blir alle data lagra og dette blir eit viktig register å kunna visa til dersom ein skulle blir kreftsjuk som følge av yrket. I dag må den enkelte brannmann bevisa kva brannar som forårsaka sjukdommen. MinLogg vil difor kunna letta på bevisbyrden.

Appen er den einaste i sitt slag og er såleis unik i bransjen. Brannmenn Mot Kreft har allereie fått internasjonal oppmerksomhet for arbeidet med MinLogg. Leiar av Brannmenn Mot Kreft Tommy Kristoffersen vart i dag intervjua P1 i dag om lanseringa. For å høyra intervjuet og meir om MinLogg klikk her; https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-hordaland/DKHO02007418/12-04-2018#t=20m56s

radio.nrk.no
Radiosendinger fra NRK Hordaland.

 

Om lag 50 brannmenn og inviterte var samla i “Parolerommet” på Hovedbrannstasjonen i Bergen for avduking og demonstrasjon av MinLogg som er gratis å benytta.

Foto: Privat
Foto: Privat

 

MinLogg er finansiert gjennom støtte frå Tryg stiftelsen og innsamla midlar til Brannmenn Mot Kreft.

Det vart også på behørig vis servert MinLogg-kake.

Foto: Privat