Gjerstad-kraftstasjon med eiga nettside

Publisert av:
15/5/2014 13:08

Prosjektet med oppussinga av Gjerstad Kraftstasjon har fått si eiga nettside. Her kan du lesa om arbeidet med restaureringa av den gamle kraftstasjonen, og om bakgrunnen for Våge Lysverk som vart etablert på 1930-talet.

Nokre lurer kanskje på kvifor me kallar det Gjerstad Kraftstasjon og ikkje Våge Lysverk, som er det verkelege namnet. Svaret på det er enkelt nok – me vil innlemma Gjerstad Kraftstasjon i “Gjerstad-konseptet”, som t.d. Gjerstadstølen 333. Kraftstasjonen er tenkt å danna utgangspunktet for turar i fjellet, sjølvsagt opp til demninga ved Skarstjødnet, men også til andre turmål.

Ein stor takk til entusiast og stølsutviklar Tore Økland som er primus motor for prosjektet! På nettsida kan du følgja med i den vidare utviklinga av arbeidet.

PS. Me er framleis interessert i bilete!

https://sites.google.com/site/gjerstadkraftstasjon/

Knut Rage