Basar i Vonheim

Publisert av: Vegard Aslaksen
5/11/2018 16:10

Tysnes Ungdomslag arrangerte basar i Vonheim Søndag. Mange hadde teke turen for å ta del i det tradisjonsrike åresalet og delta i trekningane. I alt fekk ungdomslaget inn 46.210 kr på basaren.

Trekningane gjekk føre seg elektronisk ved hjelp av «Super duper fantastisk tall maskin» – av Stian Øvrevåge, godt akkompagnert av kveldens speaker Yngve Vevatne.

Ungdomslaget hadde i tillegg solgt ut mange loddbøker på førehand.

Trekningslista på bok vart som følgjer:

Tysnesfestpass: 5 – 128, Bjarte Frugård

Trerettar for to på Mandelhuset: 7 – 421, Sivert Smith Skaten

Google Home smarthøgtalar: 7 – 202, Eva Kalgraf

Kjøt i frå Garden på Dalland: 6 – 431, Martin Restad

Proseccolunsj for to på Haaheim Gaard: 2 – 123, Svein Økland

Turbukse gitt av Tysnes Helselag: 4 – 435, Victoria Søreide

 

Foto; Steffen Opdal