Agnes og Olav Berges stipendiefond

Publisert av: Dagfinn Sandvik
23/1/2019 14:50

Stipendiefondet er eit legat, administrert av Tysnes kommune.

Føremålet med stipendiefondet, er å gje stønad til ungdom frå Tysnes, under utdanning. Inntil halve avkastninga av grunnkapitalen kan delast ut kvart år.

Storleiken av utdelinga vert fastsett av styret etter søknadsfristen er gått ut, 15.02.19.

 

Dei fyrste 10 åra etter lengstlevande sin død, skal det berre delast ut stønad til etterkommarane av Agnes og Olav Berge sine søsken. Søkjarar må vera norske statsborgarar, busett i Noreg og mellom 20-30 år. I særlege høve kan ein gje stønad til søkjarar mellom 18-30 år. Stadfesting på studieplass må leggjast ved søknaden.

 

Søknadsfristen er sett til 15.februar 2019.

 

Meir infomasjon om stipendfondet, klikk her.

 

Søknad kan sendast pr. post til:

Tysnes kommune v/ Aud Kaldefoss

Rådhuset

Uggdalsvegen 301

5685 UGGDAL