Foto: writingcooperative.com

Går du med ei forfattarspire i magen?

Publisert av: Martha Nygård Lande
20/10/2019 10:08

Verda treng fleire forfattarar frå Tysnes, seier Ingelin Røssland.

Ho held eit gratis online foredrag med tips og triks til deg som har lyst til å skriva bok. Du kan følgja webinaret heima i frå sofaen. Viss du går med ein draum om å skriva bok, eller kjenner nokon andre som vil skriva, så er det berre å melda seg på.

Webinaret er i dag, søndag 20. oktober klokka 13.00 til 15.30.


Foto: Ingelin Røssland

7 steg til ferdig bok:

  • Din perfekte idé
    Dette steget lærer deg korleis du kjenner igjen ein god idé, og klarar å formulera ideen din kort og presist.

  • Ei bok som lesarane dine ELSKAR

    Dette steget lærer deg korleis du blir ekspert på målgruppa di. 

  • Dramaturgi

    Dette steget lærer deg historieforteljing som gjer at lesaren MÅ sluka heile boka frå perm til perm.

  • Di drivkraft

    Dette steget lærer deg kvifor det er så viktig at DU aldri blir i tvil om kvifor du må skriva denne boka NO.

  • Din arbeidsmetode

    I dette steget får du vita korleis du kan trena opp skrivemusklane, og ikkje sitja passivt og venta på å bli inspirert.

  • Ditt fokus

    Dette steget lærer deg å konsentrera deg på ditt eige prosjekt, og kunsten å feilsøka i teksten din når skrivinga stoppar opp.

  • Din profesjonalitet

    Dette steget lærer deg å ta tilbakemeldingar og refusjonar på strak arm, tørka tårene og å skriva ein ny og betre versjon av manuset ditt.

     

    Dersom du tenkjer at dette kunne vore noko for deg, kan du melde deg på kurset ved å klikke her på 7 steg til ferdig bok