Går du med ei forfattarspire i magen?
20/10/2019 10:08
Verda treng fleire forfattarar frå Tysnes, seier Ingelin Røssland.
Ho held eit gratis online foredrag med tips og triks til deg som har lyst til å skriva bok. Du kan følgja webinaret heima i frå sofaen. Viss du går med ein draum om å skriva bok, eller kjenner nokon andre som vil skriva, så er det berre å melda seg på.
Webinaret er i dag, søndag 20. oktober klokka 13.00 til 15.30.
Foto: Ingelin Røssland
7 steg til ferdig bok:
Din perfekte idé
Dette steget lærer deg korleis du kjenner igjen ein god idé, og klarar å formulera ideen din kort og presist.- Ei bok som lesarane dine ELSKAR
Dette steget lærer deg korleis du blir ekspert på målgruppa di.
- Dramaturgi
Dette steget lærer deg historieforteljing som gjer at lesaren MÅ sluka heile boka frå perm til perm.
- Di drivkraft
Dette steget lærer deg kvifor det er så viktig at DU aldri blir i tvil om kvifor du må skriva denne boka NO.
- Din arbeidsmetode
I dette steget får du vita korleis du kan trena opp skrivemusklane, og ikkje sitja passivt og venta på å bli inspirert.
- Ditt fokus
Dette steget lærer deg å konsentrera deg på ditt eige prosjekt, og kunsten å feilsøka i teksten din når skrivinga stoppar opp.
- Din profesjonalitet
Dette steget lærer deg å ta tilbakemeldingar og refusjonar på strak arm, tørka tårene og å skriva ein ny og betre versjon av manuset ditt.
Dersom du tenkjer at dette kunne vore noko for deg, kan du melde deg på kurset ved å klikke her på 7 steg til ferdig bok