Koseleg refleks- og grauttur

Publisert av: May Britt Meland
17/12/2023 09:09

Desemberturen til Barnas Turlag Tysnes var ein rundtur med utgangspunkt på Stølane og ned i Gjersmyra. Det var ein fin liten gjeng som fekk seg ein koseleg refleks- og grauttur i Lunde fredag 15. desember. Turen gjekk klokka 17, og refleksane som var hengt opp viste veg i mørkret. Nokre hadde også hovudlykt og nisselue på.

Arnhild S. Lunde fortel til Tysnesingen.no at det var mykje sosialt som skjedde denne fredagen, og med semifinale i handball VM, mykje ver og sjukdom i tillegg, var det berre 15 deltakarar med på tur med BT denne fredagen.
-Men veret blei mykje betre enn det som var varsla, og gjengen gav seg avgårde med liv og lyst. Sidan det var dårlege vermeldingar hadde turlaget sikra seg og pynta redskapshuset med levande lys og lyslenkjer. Det gav ei fin ramme rundt grautgryta, der grauten nesten ikkje var svidd!

Barnas Turlag Tysnes takkar for i år og ynskjer alle ei riktig God Jul!!