Frå lærling til lokalitets- ansvarleg

Publisert av:
17/10/2014 08:09

I 2015 utgåva av “En gullkantet fremtid”, kan ein lese om ungdom som jobbar i ulike ledd av norsk sjømatnæring, og deriblant tysnesingen Anders Hundeide Magnussen på 23 år som er lokalitetsansvarleg på Onarøy hos Alsaker Fjordbruk AS.
Magasinet kjem ut i 8000 eksemplar, og vert distribuert til opplæringskontor, utdanningsinstitusjonar, utdanningsmesse og verksemder over heile landet.

Anders Hundeide Magnussen har stige raskt i gradene.
Etter utdanninga starta han som lærling på Onarøy hos Alsaker Fjordbruk AS i 2009. To år etter tok han fagbrev, og etter nokre år som driftsoperatør vart han i mai i år lokalitetsansvarleg.

Som lokalitetsansvarleg har han ansvar for 900.000 laks. Han trivast godt med ansvaret, og har ingen problem med at han er sjef sjølv om han er yngst. Det er viktig å høyra på innspel frå dei som har god erfaring.

Han tilrår andre ungdommar jobb i oppdrettsnæringa. Sjølv likar han godt å jobbe ute og ta i eit tak, men påpeikar at det også er gode moglegheiter for dei som ynskjer å jobbe med økonomi, helse- miljø og sikkerhet eller IT.

I artikkelen, kan ein også lese om dei driftige brørene til Anders; Sondre, Vegard og Erlend Magnussen som fiskar leppefisk dei sel til oppdrettsanlegga.

Ynskjer du å lese heile artikkelen, finn du den her.