Foto: Hans Christian Haaland  Fv.Marcus Dalland, Yngve Vevatne og Sigvard Madsen

Lada Tour

Publisert av: May Britt Meland
16/2/2018 09:00

Skal lage ein Road Movie (vegfilm) om turen frå Moskva til Tysnes!

I starten på Mai 2018 reiser Sigvard, Marcus og Yngve på tur til Moskva for å kjøpa 3 eldre bilar av det ikoniske russiske merket Lada, og køyra dei tilbake til Noreg. Med seg på turen får dei med seg nokre hjelparar i kvar av bilane sine. Undervegs får dei forskjellige oppgåver dei må løysa. Dette kan til dømes vera å læra seg flest moglege ord på Russisk, finna ein spesifikk ting som skal kjøpast og fraktast heim til Noreg, eller konkurrera i kven som klarar å få seg flest moglege nye facebook vener på ein kveld.

Dette vert dokumentert av videofotografar, og det vil koma ein liten oppdatering kvar dag frå turen. Me vil også nytta sosiale media for å få publikum meir aktiv i form av til dømes å stemma på sin favoritt, eller vera med å avgjera aktivitetar dei 3 laga skal gjennomføra. I etterkant vil det bli klypt til lenger episodar der ein får sjå litt meir av turen. Me gler oss til å sjå Russland, både på godt og vondt.

Tysnesingen synest dette er eit artig prosjekt, og me finn det spesielt morosamt at dei i promoteringa si brukar slagorda: “Let`s make Lada greit again!”

I videoen fortel lagførarane kva forventningar dei har til prosjektet: