Fôrte 550 med grilla laks

Publisert av:
1/8/2015 13:24

For 21. gong blei Laksafesten på Alsaker Brygge arrangert fredag 31. juli. Sjølv om den gode sommartemperaturen uteblei, strøymde det på med vaksne og barn. 550 fekk matservering – noko som er ny rekord.

Mykje båtar i hamna
Gerhard og dei gode hjelparane hans har halde på sidan 1995 med å arrangera den tradisjonsrike Laksafesten på Onarheim. Dette er festen der alle er inviterte til å nyta grilla laks og dans på brygga, og det seier ikkje bygdafolk, hyttefolk, båtfolk og andre tilreisande nei takk til.

I gjestehamna låg mange båtar til kai, og i teltet koste folk seg med middag, sang og dans. Andre nytte kaffi kokt på bålpanna ute.  Ein flott dugnadsgjeng i Onarheim Musikklag bidrog til at festen blei vel gjennomført.

576 porsjonar
Tidlegare på dagen gjekk førebuingane til laksegildet på samleband ute i naustet på Alsaker Brygge. Ny rekord blei sett då 576 lakseporsjonar blei krydra, kutta og pakka i løpet av ein time. Det var tydeleg at folie- og krydderansvarleg Oddvar Helland, kontrollør og kuttar Gerhard M. Alsaker og pakkeansvarleg Åge Enes hadde gjort jobben før.

– Det går så det kvin, og det er ikkje tull ein gong. Me klargjer cirka ein filét i minuttet, sa Gerhard idet han kutta opp porsjonsstykke med fersk og raud laks.

107 kilo fersk laksefilet gjekk med til gildet. Rapportane tilseier at berre salatrusk og nokre få laksestykke var att, etter at gjestane hadde forsynt seg.

– Det er definitivt meir folk i år enn i fjor. Eg har berre fått gode tilbakemeldingar, seier Gerhard nøgd.

Tekst og foto: Lena Vermedal